@Ragnarok08

Tre mennesker som i et mørkt rom. Bak dem ser man kode på skjermer

Ein heilt vanleg dag i ein heilt vanleg by syklar pizzabodet Kim rundt og anar ingenting om at nett no er det nokon som treng hjelpa hennar. Hackaren Emma er i store problem.

Ho har stole hemmelegstempla dokument frå staten og skal til å dele dei med organisasjonen The Citizens of Nowhere. I siste augneblink får Emma kalde føter, og ho treng å snakke med nokon. Valet fell på pizzabodet Kim.

En jente kledd ut som en pizza holder sjokkert opp et bilde av ei jente. En mann ser alvorlig på henne.

Bør vi som bur i Noreg få all informasjon, eller finst det informasjon som aldri må delast? Er hackaren varslar eller tystar, forrædar eller helt, snitch eller vernar, samfunnsborgar eller folkefiende? Og kva vil skje om informasjonen kjem ut, vil det føre til at verda går under og vi blir kasta inn i Ragnarok? Midt oppi desse store spørsmåla hamnar eit uskuldig pizzabod.

Publikum blir bedne om å ta enkelte val som bestemmer handlinga. Slik blir kvar framsyning unik for dei som sit i salen akkurat den dagen!

@Ragnarok08 er ein thriller og passar for alle frå 13 år og oppover.

Jente kledd ut som en pizza ser bekymret på telefonen til en annen jente i vanlig klær

Teater Vestland samarbeider med Moster2024 om denne framsyninga. I 2024 er det 1000 år sidan Olav den heilage innførte kristenretten på Moster, og med det såg vi starten på Noreg som rettsstat. Moster2024 er ei 1000-årsfeiring for heile landet med barn og unge i sentrum.

KUNSTNARLEG LAG

Regissør: Philipp Stengele
Dramatikar og dramaturg: Cecilie Grydeland Lundsholt
Visuelt uttrykk: Philipp Stengele
Videodesignar: Anders Nybø
Komponist og lyddesignar: Viljar Losnegård
Lysdesign: Magne Gjeraker, Philipp Stengele og Anders Nybø
Omsetjar: Eva Dobos
Medeverkande: Carina Furseth, Peder Lauvås, Idun Losnegård, Kornelia Melsæter
Forestillingsfoto: Espen Nyttingnes | Teater Vestland 

Produsert av Teater Vestland til 1000- årsjubileet Moster 2024.

Gutt i snekkerbukse kikker sjokkert på telefonen sin. Bak han står to jenter og en rekke datakoder projiseres på bakveggen